– Kva tid blir igjen til å lage, snikre, koke, bygge, strikke, sy, skru….?

Skolen er blitt for teoretisk. Praktisk kunnskap er dessverre blitt kraftig nedgradert. Www. Johnsteffensen. No

I fjor fant jeg et meget interessant og tankevekkende innlegg ført i pennen av Ingfrid Grimstad. Hun undret seg over forholdene i norsk skole:

Hvorfor nedgraderes praktisk kunnskap i skolen?

Dette er et utdrag av en lengre artikkel om problemet slik skribenten ser det:

«Etter å ha gått på skule i 18 år, jobba i mange år som pedagog i grunnskulen og folkehøgskulen, samt fulgt mine to barn gjennom snart 9 år på skulebenken, har eg gjort meg nokre tankar om dei praktisk-estetiske faga i skulen.

Ein gedigen vegg å møte…

Praktisk-estetiske fag er i dag redusert frå 19,7% i 1974 til 12,5%. Ikkje nok med det: Desse faga har blitt teoretisert langt ned i barnetrinnet. Studerer ein kompetansemåla for dei praktisk-estetiske faga i Kunnskapsløftet, seier ordbruken sitt: Elevane skal gjere greie for, beskrive, samtale, forklare, vurdere, forstå, informere, samanlikne, skilje mellom, gjenkjenne, undersøkje, gje uttrykk for, fortelje om, diskutere… I kompetansemåla for mat og helse i 10. kl, føreset 12 av 13 kompetansemål skiftlege eller muntlege kvalifikasjonar. Også valfagtilboda, som regjeringa gjeninnførte for å styrke realfaga, har dreia i ei meir teoretisk retning enn tidlegare. For ein teoretisk sterk elev er det utfordrande nok, men for ein som slit med teori,  blir det ein gedigen vegg å møte.

Kven har innbilt oss at praktisk kunnskap er «kosefag»?

Eg spør: Kva tid blir igjen til konkret praktisk kunnskapsformidling; til å lage, snikre, koke, bygge, spele, synge, bake, strikke, danse, reingjere, framføre, springe, dramatisere, sy, symje, montere, klatre, teikne, leike, skru, male, imitere? Kvifor denne nedgraderinga av praktisk kunnskap? Kven har innbilt oss at dette er «kosefag» som er unyttig for framtida?

Teori blir fort det rimelegaste og minst ressurskrevande

Pliktoppfyllande lærare gjer så godt dei kan for å kome i hamn med kunnskapsmåla, men dei har ei krevjande oppgåve. I ei slunken skulekasse med mangel på fagrom og utstyr, blir fort det teoretiske alternativet både det rimelegaste og minst ressurskrevande. Det fylgjer ofte meir støy med praktisk-estetiske fag og elevane «boblar» lett over i sin iver. For å seie det på ein annan måte: Det er lettare å setje elevane i sving med å skrive ei særoppgåve om favorittartisten sin enn å organisere ei framføring med synging, speling og dramatisering.

Lutfattige land prioriterar kunstfaga

Eg har besøkt fleire skular i lutfattige land der eg har blitt forbløffa over å sjå satsinga på kunstfaga. Ein kan møte falleferdige skulebygg og lærarar med luseløn, men dei vik ikkje når det gjeld kompetente lærarar og betydninga av praktiske og estetiske fag i skulen. Nokon av dei flottaste elevutstillingane og elevkonsertane har eg opplevd på desse skulane.»

Utdraget er sakset fra www.vikebladet.no – Om du vil lese hele innlegget, klikk her.

La andre få vite om dette innlegget..