“Eg skjønar at vi gamlingane må holde fingrane av fatet, elles kan etterkomarane våre ende i armod og naud…”
Foto: Mika / Unsplash
Knut Arne Høyvik reflekterer over årets pinlige trygdeoppgjør. Han la ut følgende velformulerte, tankevekkende og ironiske innlegg på sin Facebook-side:
“Der låg eit brev frå NAV i innboksa mi i det vi tende det første adventslyset. Eg vart varsla på e-post om å logge meg inn på nettsida til NAV for å lese brevet. Nei, eg skal ikkje i fengsel, det er eit fint brev på heile tre sider. Bodskapen er at dei vil auka alderspensjonen min frå 1.januar 2020. Ei ekte gladsak med andre ord, og eg skunda meg for å finne ut meir. Heisann og hoppsann, eg får heile fire kroner meir i månaden i pensjon i 2020 enn i 2019 – eller 48 kroner i året! Hurra for velferdsstaten som har slik omsut for oss!
Ein ikkje-sunnmørsk tanke råka meg; Dei 48 kronene med pensjon som eg får meir i år, ville eg bruka allereie i fjor. Morfar hadde kalla det ei dødssynd og fått ein sorgreaksjon – om han hadde levd.
Kva kunne eg bidra med når staten har vore så ualminneleg raus med meg..? Eg kjende på eit tungt samfunnsansvar. Ei indre stemme sa til meg at desse pengane kan eg ikkje bruke på meg sjølv.
Eg gjekk gjennom ulike organisasjonar som fortener ein donasjon; Misjonen, Kreftforeininga, Leger utan Grenser, Redd Barna og Kirkens Nødhjelp. Men det vart ingen av dei – denne gongen, og eg ber alle om orsaking. Eg har nemleg identifisert eit anna problem som får all mi merksemd. Politikarane er nemleg svært uroa for at vi velfødde 60-åringar skal gå laus og tappe Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet) for pengar. Jonas Gahr Støre snakkar om det heile tida; at vi ikkje må bruke opp pengane til våre barn og barnebarn. Støre ser så innmari trist ut når han seier det, at eg ventar berre på at han skal byrje å gråte.
Kva våre barn og barnebarn skal gjere på i framtida veit ikkje eg. Men det høyrest ut som dei ikkje skal legge to pinnar i kors, anna enn å hente pengar ut av dette fondet. Det einaste eg skjønar, er at vi gamlingane må holde fingrane av fatet, elles kan etterkomarane våre ende i armod og naud.
Dette dramatiske bakteppet gjorde at eg sette ned ein snøgt arbeidande komité med berre meg sjølv som medlem. Mandatet var å plassere det rause påslaget på 48 kroner på ein slik måte at det kjem folk og fedreland til gode. I motsett fall ville eg sikkert ha kasta meg ut i lauslivnad og drykk i vinter. Det gjekk berre eit døgn før komiteen la fram si innstilling. Den uventa gåva frå staten skulle overførast til Statens Pensjonsfond Utland. Eg ville yte mitt bidrag for å sikre framtida til komande generasjonar. Eg formulerte eit høfleg brev om saka til dei som styrer fondet:
Til Norges Bank Investment Management
Bankplassen 2 Postboks 1179 Sentrum
NO-0107 Oslo
Til den det måtte gjelde:
«Innleiingsvis må eg gratulere Dykk med eit fantastisk resultat etter at fondet passerte 10 tusen milliardar(!) for kort tid sidan. Når eg skriv til Dykk er det fordi eg fekk eit heilt uventa påslag på pensjonen min for 2020, pengar som eg vil at de skal forvalte for meg. Beløpet er kr 48 – Eg gjentek med bokstavar; førtiåtte kroner. Eg skjønar at de er redde for at vi gamlingane skal presse på for å bruke av fondet til unyttige ting som vegar, bruer og ferjer. Vi er truandes til litt av kvart her vi lever som playboyar på våre rause pensjonar.
Pengane mine kan investerast i nesten kva som helst; handlegater i London, strippeklubbar i Paris og tobakksfabrikkar i California. Men klasebomber og narkotika må de halde Dykk unna med mine pengar. Eg ynskjer at de varslar Jonas Gahr Støre og Erna Solberg om mitt bidrag, slik at dei kan senke skuldrane. Dei skal vite at det alltid er nokre samvitsfulle menneske der ute, som bryr seg om både fedrelandet og komande slekter.
Eg vil ved første høve overføre pengane til Dykkar konto. Hels til alle i pengebingen – og send meg kontonummeret.”
Haddal, 3. desember 2019
Vyrdsamt
Knut Arne Høyvik (Pensjonist)
Les også: Trygdeoppgjøret må bli mer rettferdig