På leiting etter livslukka…

Frå Havråtunet, Osterøy. Foto - johnsteffensen.no

På leiting etter livslukka…

«Dei ber på ei indre ro som vi forkava notidsmenneske har grunn til å misunne dei»

«Etter at vi flytte, er inntekta vår meir enn halvert. Men vi er langt rikare no enn vi var då vi levde i storbyen.» Mannen sa det medan han sat og lappa skor. Han hadde ikkje råd til å kjøpe nye. Men han kjende seg rik. Han øydde ikkje, men nytta ut ressursane. Og utenfor stoveveggen høyrde han tiuren kneppe i vårkvelden.

Dei lever sine liv på ein holme i havet, på ei hylle i fjellet, i ein krok i ein avdal, på ein rudning i skogen. Kanskje lever dei veglaust, kanskje straumlaust. Og dei har sine grunnar for å gjere det.

Det er freden og roa dei søkjer. Dei vil vekk frå larmen dei høyrer, stresset dei kjenner. Dei vil skru tempoet ned, dei vil opne sansene for andre inntrykk, dei vil tilbake til naturen.

Les også: Det enkle liv

Det har slått meg at dei aller fleste vi har møtt, ber på ei indre ro som vi forkava, oppjaga notidsmenneske har grunn til å misunne dei. (…)  Og kanskje er det slik, når alt kjem til alt, at det er dei, meir enn oss, som har funne nøkkelen til det som med eit høgstemt ord blir kalla livslukka.

Tenk på det.

Epilog frå Oddgeir Bruaset si bok «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu…»

Les også: Eg skulle…

Du vil trolig også like: Kan hende

 

 

La andre få vite om dette innlegget..